- Project Runeberg -  Jesus Messias /
14

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Konge, fysst gjenom Messias, og sidan, naar
alt det vonde var yvivunni, beintfram;
Messias-rike vart Inngangen til det endelege Gudsrike
(Qpinb. 20: 2—15; 21: 1—4).

Saman med det drøymde Israelsrike vaks
Israels Gud; Jah ve, den gamle Folkeguden,
hadde vorti Gud yvi alle Gudar, liksom Israel
skulde verte Folke yvi alle Folk; den einaste
sanne Gud var han vortin. Rike hans kunde
daa ikkje vera eit Folk eller eit Land;
Gudsrike vart heile Heimen. Dei gamle
Folke-grensune tok til aa ramle; at Israel vart
Sty-rarfolke var berre eit anna Ord for at Gud
fekk Magti; det messianske Israelsrike vart
Gudsrike yvi all Heimen, og i Himlane med;
det vart Himilrike.

Verdi vart ny. Den gamle „brann“, d. e.
alt gamalt øyddest; Syndi, Vondemagtine,
Dau-den skulde ikkje vera meir; alt vart utløyst,
frigjort, atterreist, atterfødt (Mt. 19: 28; Apg.
3: 21). Fraa ein ny Himil skulde eit nytt
Jerusalem koma ned til ei ny Jord; berre det
gode skulde vera til; og alle skulde vera gode.
Men so skulde og alle faa vera med. Dei
rettferdige fraa gamle Tidir skulde stande upp
og koma med i Gudsrike (smf. Mt. 22: 23;
Apg. 23: 8); daa fysst var Guds Rettferd
gje-nomførd og Rike hans fullkomi.

Messias vart Guds Son framifraa, Himil-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free