- Project Runeberg -  Jesus Messias /
15

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

kongen, Utsendingen fraa Høgdi til aa leggje
Israel, og gjenom Israel Heimen, under Gud.
Men med alt dette var Messias Menneskje.
Heilt ut Menneskje; ein av oss; Bror vaar. Det
var berre med serskild Hjelp fraa Gud at han
skulde vinne Magti si.

Men Guds Son framifraa var han og laut
han vera, um han skulde faa serskild
Guds-hjelp; det fullkomne Menneskje, Guds
Mynstertanke til Menneskje, vart han meir og meir.
Etter Trui hjaa nyare Skriftlærde hadde han
ikkje Synd; og Tanken um Fyri-Tilvære hans
hev komi upp. Han vart meir og meir til noko
nytt; aleksandrinsk Rabbinardom synest jamvel
hava laant Drag til Messiasbilæte sitt fraa
græsk Visdomslære („Logos"). Messias, som
er „Bilæte av Gud den usynlege" og „den
fysstefødde av all Skapning"1, vert etterkvart
den som alt det andre er skapt ved (smf. Joh.
1: 3). Skaparverke, som Syndi hev skipla,
skal daa og ved honom verte ny-reist; i
Tid-fullnaden kjem han til Jordi og rettar upp att
alt. Tanken um at Fullkominskapen hans kunde
koma andre beintfram til Nyttes hev vori uppe;
um ein Messias som lid spaar alt Esaias. Men
ikkje fyrr gjenom Paulus kom den Tanken til
Magt.

1 „Den fysstefødde fy ri all Skapning", segjer
Kyrkje-bibelen.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free