- Project Runeberg -  Jesus Messias /
16

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Dei tvo Messiasvonine, den verdsiege hjaa
Folke og den aandeleg-verdslege hjaa dei
skriftlærde, hev mengt seg mangeleis. Det hev
komi upp fleire Messiasbilæte; den komande
Israelsfrelsaren skulde vera Konge; han skulde
vera Profet og Konge; eller han skulde fysst vera
Profet og fyribu Rike, og sidan taka Kongsmagti;
hjaa sume Rabbinar skal han ha vorti
heilt-upp tvo: fysst Profeten, og sidan Kongen1. I
ei slik Tid hev det ikkje vori lett aa taka upp
Messias-Tanken. Hjaa dei tri fysste ser me
daa og, at Jesus ikkje vil hava Spursmaale
reist millom Folke. For hans Gjerning no
hadde det lite aa segja; men det kunde vekkje
ein Strid som ikkje vilde vera til Gagn.

*



Striden kom endaa.

Messias-Tanken var so sterkt uppe i det
famandstyrde og framandpinte Folke, at so
snart det steig fram ein Lærar, so vakna strakst
Spursmaale um det kunde vera „han“.
Døy-paren laut verja seg mot dette Spursmaale. Og
jamvel Jesus, som lét alle Profet-Skikkar Tara
(Mt. 11: 19 o. Tilvisn.), og dertil serskilt for-

1 Kann det vera denne Tanken som ligg under
den noko uklaare Sogo med Døyparen, som skulde
„brøyte Herren Veg“? ’(Sjaa Rydberg: „Bib. lära“, S.
71 flg.).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0026.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free