- Project Runeberg -  Jesus Messias /
17

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

r

baud Sveinane aa kalle ’n Messias (Mt. 16: 20)
var all Stad ute for det same: um ikkje denne
kunde vera Israelsfrelsaren ?

At han för smaatt fram hjelpte ikkje. Folk
undrast nok paa det. Ein Messias utan
Kongs-braak, utan Her eller Hird eller Stås av noko
Slag, berre med eit lite Fylgje av Fiskarar og
anna Smaafolk som var Læresveinar hjaa ’n,
kunde det vera noko aa setja upp mot
Keisa-ren i Rom? Ein Stad er det endaa fortalt, at
Folke hev vori i Tankar um aa rette paa
denne Framferdi hans (Joh. 6: 15); Folke lika
Jesus, og kunde gjerne vilja hava ein Konge
som priste dei fatige sæle og forkynte Brorskap
millom Folk. Men i Røyndi hev Jesu
Fram-ferd lite kunna gjera fraa eller til; aalmenn
Mann hev tenkt, at nettupp gjenom det som
saag smaatt og ringt ut kunde Israels Gud
helst vilja vise sitt Veide.

Læresveinane hev vori fulltrygge; Jesus var
„ein Profet veldug i Gjerning og Ord for Gud
og alt Folke"; han var „den som skulde
ut-løyse Israel" (Lk. 24: 19, 21). Andreas og
Filippus segjer med ein Gong: me hev funni
Messias (Joh. 1: 42, 46). I alle Sogune (Mt.
16: 16 o. Tilv.; Joh. 6. 69) vitnar Peter for
Meistaren sjølv um si Messiastru1.

1 Dei tri fysste læt her Jesus spyrja Sveinane um
kven Folk segjer han er; meir likt honom vilde det vera
2 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free