- Project Runeberg -  Jesus Messias /
20

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fole“ (Salm. 118: 26; Sak. 9: 9) \
Sogu-skrivaren legg til, at „dette skyna ikkje
Lære-sveinane i Fysstningi", men dei „hugsa det",
daa Jesus var „herleggjord"; det vil segja:
Sogo er seint uppkomi. Men trudd hev ho
vori med heil Hug; og ho høyrde so med til
Messiasbilæte, at ho hev spreidt seg fort og
livt sterkt, og er komi med i alle Sogune.
Hjaa dei tri fysste er ho meir utførd; det er
ikkje Folke som helsar Messias av seg sjølv;
det heile vert tilstelt: Jesus sender Sveinar

inn i Byen etter ein Fole som dei skal „finne
bundin" der — at det og det Profetorde kunde
verte uppfyllt; og so kjem Sogo; ho minner
sterkt um Gamletestamente. Men daa det vert
spurt: „kven er denne?" svarar Folke beint
og greidt: „denne er Profeten Jesus, han ifraa
Nasaret i Galilæa"; i Folketanken er Messias
Menneskje so heilt ut, at han gjerne kann vera
komin fraa Nasaret.

Jesus sjølv kallar seg helst
Menneskje-sonen. Dette Namne vert fraa Daniel av (7:
13; smf. Esek. 26: 2) bruka serskilt um

Messias1 2. Nemningi „Guds Son", som ofte

1 Hjaa Sakarias kjem Sionskongen „ridande paa eit

Asen og paa ein av dei unge Asenfolane"; dette hev

Mattæus teki for tvo Dyr og læt Jesus setja seg uppaa

„deim".

2 I Enoksboki (Rydberg: „Bib. lära", S. 63) er

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0030.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free