- Project Runeberg -  Jesus Messias /
25

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

den som skal koma; um denne var Jesus
fraa Nasaret hev han etter Mattæus (11: 2,3)
og Lukas (7: 18, 19) heller ikkje alltid vori
stød paa.

Stutt og einfeld er Sogo hans. Aaleine i
Audni med Sveinane sine døyper han og lærer
Um vending og spaar um Messiasrike med dei
Ordi som fraa Stemnestogom var aalkjende,
og som Jesus like eins bruka, daa han sidan
steig fram. Sameleis forkynner han Lovi, serleg
Kjærleiksbode, og — etter Synsmaatane hjaa
dei skriftlærde fraa seinare Tidir — Forlating
for Syndi utan Bioting eller Blod. Anna enn
Fyrigangaren, Vegbrøytaren, vil han ikkje vera.
Han vert sett fast, av dei han sagde Sanning
til ein Konge, og avhovda etter eit Kvendekrav;
men so lite Rom som han hev fengi i desse
Sogom, — der er noko serskilt stort ved denne
Mannen som fann seg i aa vera den minste og
gav alt sitt Liv til aa brøyte Herren Veg.

*



Liksom Jesus etter Johannesboki ikkje
vert døypt, soleis døyper han ikkje sjølv heller,
alt um Læresveinane hans skal hava døypt1;
Daapen med Vatn vilde daa heller ikkje høve
for den som skulde døype med Ånde og Eld,
d. e. med den Andemagt, den Vilje-Uppglø-

1 Noko ugreit fortalt i Joh. 3: 22; 4: 1—2.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free