- Project Runeberg -  Jesus Messias /
26

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ding, som skulde „brenne upp" eller reinske
ut det uheile og ureine i Mannahjarto. Um
Døyping er det ikkje fortalt meirfraajesu Tid;
men i Apostelgjerningar kjem Daapen upp att
i ein ny Skapnad: Apostlane døyper i Jesu

Namn, um elles „til Forlating for Syndine"
som Johannes (Apg. 2: 38; smf. Mk. 1:4; Lk.
3: 3). Med Paulus fær Daapen i Jesu Namn
ei ny Tolking (Apg. 19: 1—6). —

— Sogo um Freistingi er fortald berre hjaa
dei tri fysste. Det er ein rabbinsk Tanke ho
er bygd paa: Messias, som er den andre Adam,
lyt røyne det den fysste røynde, og stande der
han fail. Markus (1 : 12—13) hev Sogo paa
den stuttaste og daa vel og paa den eldste
Maaten; han fortél at Anden dreiv Jesus „ut i
Øydemarki; og han var der i 40 Dagar og vart
freista av Satan; og han var med Villdyri; og
Englane tente honom". Dette um Villdyri
minner um buddhistiske heilage, som skal kunne
med vitugt Umgjenge temja Tigrar; sume meiner
at det her sting seg fram eit Minne fraa ei
Ungdomstid, daa Jesus hev vori i buddhistisk
Skule. Hjaa Mattæus (4: 1—11) og Lukas
(4: 1—13) er Sogo meir utvaksi. Her au er
det Anden som fører Jesus ut i Øydemarki;
hjaa Lukas er Jesus „full av den heilage Ånde",
daa han gjeng der ut. Etter Freistingi gjeng
Djevelen fraa Jesus „for ei Tid" (Lk. 4: 13);

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free