- Project Runeberg -  Jesus Messias /
29

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Böde um Gudsrike skal Sveinane bera ut
til Folke. Men dei skal ikkje berre tala. I
Liv og all si Ferd skal dei vera
Riks-Bödbe-rarar. Der det trengst, og der dei kann, skal
dei gjera vel; Jesus gjev deim serleg Magt til
aa lækje Sjukdomar (Mt. 10: 8; Mk. 3: 15;
Lk. 10; 9). Og alt skal dei gjeva for inkje,
som dei hev fengi det for inkje. Der dei
ikkje vert mot-tekne skal dei riste Dumba av
Føtane sine; men Gudsrike skal dei forkynne
like godt (Lk. 10, 11); og paa Domedag skal
det gange slike Stadir verre end det gjekk
Sodorna og Gomorra.

Med den Magti og høge Vyrdskapen Jesus
gjev Sveinane sine krev han likevel Audmykt
av deim. Ærenamn som Lærar (Rabbi) skal
dei ikkje taka imot; ein, Messias, er Læraren
deira, men dei er alle Brørar. Og ingin paa
Jordi skal dei kalle Far; for ein er Far deira:
han som er i Himlom (Mt 23: 8—10). Og
den som vil vera stor, eller vera den fysste
millom deim, skal vera Tenaren, ja Trælen
deira, liksom Menneskjesonen ikkje kom til aa
lata andre tena sig, men til aa tena sjølv (Mt.
20: 26—28; 23: 11; Mk. 9: 35; Lk. 22:26).
Salte aat Jordi skal dei vera, og Ljose aat
Verdi som ikkje læt seg løyne; og ikkje med
Ord, men med gode Gjerningar skal dei lyse,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0039.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free