- Project Runeberg -  Jesus Messias /
30

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

so Folk ser at det er Aalvor dei fer med, og
ærer Faderen i Himlom (Mt. 5: 13—16)1. —

— FullvaksinMann, ikring 30 Aar, var Jesus
daa han tok til med Arbeide sitt. Etter dei
tri fysste heldt han seg mest i Galilæa.

Kalle Syndarar til Umvending, finne og frelse
det burtkomne var det han skulde; til dei
burt-komne Saudine av Israels Hus sender han au
Sveinane. Ja han forbyd deim aa gange til
Heidningar og Samaritanar; her er ikkje Tid
til det. Ikkje Israelsbyane dessmeir skal dei
vinnast med fyr Menneskjesonen kjem (Mt. 10:
23; 16: 28 o. Tilv.).

Men dermed var ikkje Samaritanar og
Heidningar „fordømde". Aa faa vera med i
Messias-rike var ei serskild Ære for dei utvalde;
desse skulde vera med aa „døme“, d. e. styre
dette Rike, til dess det heilt var lagt inn under

1 Den Jesus som tala so til Sveinane sine kann
ikkje attaat ha tala um Prestemagt og Kyrkje etter Mt.
16: 19 og 18: 17—18 (smf. Joh. 20: 23); Tankar fraa
seinare Tid er det me her finn.

Bilæte um „Krossen" (Mt. 10: 38 o. fl. St.) kann
Sveinane ikkje ha lært aa bruka fyrr i Paulus-Tidi. Det
fylgde ikkje berre Rædsle med Kross-Avrettingi;
Krossdau-den var i framifraa Meining vanærleg.

I Mt. 20 : 28 og Mk. 10: 45 er innkomi eitOrd um,
at Jesus „gjev sitt Liv til ein Løysepening for mange";
det er ein Paulustanke fraa seinare Tid (1 Tim. 2: 6);
han høver ikkje inn i Jesu Forkynning.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0040.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free