- Project Runeberg -  Jesus Messias /
31

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Gud. Dei som ikkje kom med millom desse
utvalde laut lide si Straff i Naaheimen, og
Lag-naden deira vart ikkje avgjord fyrr ved den
siste Domen (Opinb. 20:. 12); so skulde det
gange jamvel med mange av deim som burde
ha vori millom „dei fysste". Men alle skulde
koma med; sistpaa skulde det verte „ei Hjord
og ein Hyrding“ (Joh. 10: 16; samfør elles
Opinb. 20: 9, 15).

At ikkje berre Israelitar skulde koma inn i
Rike kann me og sjaa av Sogo um den
burt-komne Sonen. Den eldste Broren er Israel,
den yngste Heidningheimen; denne hev øydt upp
all si Eign i Ulivnad, men finn sistpaa heim
til Far sin att, og vert vel fagna. Og daa den
eldste knurrar yvi dette, segjer Faderen at alle
bør gieda seg no, daa jamvel den burtkomne
hev funni heim att.

Ord um at Gudsrike skal verte teki fraa
Israel og gjevi til andre kann Jesus i tunge
Stundir, eller til Vekkjing, ha hermt etter Profetane,
som stundom ræddast for ein slik
Burtka-stingsdom yvi Folke (sjaa t. D. Es. 55: 5; 65:
1); men Tanken um Heidningfrelse fyri
Mes-siastidi er endaa i Aposteltidi so ny, at det
maa ei Syn fraa Himilen til, fyrr Peter vaagar
seg til aa forkynne Orde for ein Heidning
(Apg. 10). Og endaa var det Strid um dette
Spursmaale sidan med. Ingin av Apostlane

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0041.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free