- Project Runeberg -  Jesus Messias /
32

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

veit um, at Jesus hev spaatt Frelse for
Heid-ningar i denne Heimsalderen..

Kor tungt det i Røyndi hev falli aa gjeva
upp Tanken um Fyssteretten for Israel viser
seg i Apostelgjerningar. Peter hev havt si
Syn; og Spursmaale er dryft i Kyrkjelage. Men
det bryt upp att Gong etter Gong. Sjølve
Heidningapostelen vrid seg lengi for aa sleppe
Heidningane inn; Orde um Frelsa var sendt
til Israel (Apg. 13: 26), og Israel skulde vera
det fysste. „Det maatte so vera at Orde vart
tala fysst til dekon, “ segjer Paulus i Stemnestogo
hjaa Jødane i Antiokia (13: 14—47). Det er
berre naar Jødane viser sin Rett ifraa seg, at
Heidningane fær Von: „sidan dé støyter Orde
burt og ikkje dømer dekon sjølve verdige til
det æoniske1 Liv, sjaa, so vender me oss til
Heidningane." Men endaa arbeider Paulus
millom Jødane, naar han ser seg Raad. Det
gjeng ubeint; jamt møter han Motstånd; paa
eit Møte med Jødane i Korint rister han Klædi
sine og segjer paa nytt, at han vil „gange til
Heidningane" (Apg. 18: 6). Og han gjeng.
Men gjev ikkje sitt eige Folk upp endaa.
Jam-vel i Rom talar han Orde i den jødiske
Stemnestogo. Men Usemju og Tvist vert det der
som all Stad millom Jødane, naar Jesus vert
nemnd. Daa svarar Paulus med det Esaias-

1 Det er ikkje alltid visst at det græske aiönios læt
seg umsetja med „æveleg".

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0042.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free