- Project Runeberg -  Jesus Messias /
33

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Orde som og er komi inn hjaa Mattæus (13:
14—15: „Hjarta i dette Folke hev vorti hårdt"
o. s. fr.); og tridje Gongen lyser han ut, at no
er Guds Frelse send til Heidningane (Apg. 28:
28). Men endaa er ikkje Meiningi den, at
Jø-dane skal vera utestengde; ingin Israelit hadde
kunna vera med paa ei sovori Lære. Naar
„Fullnaden av Heidningane" er komin inn,
skal heile Israel verte frelst (Rom. 11: 25—26);
alt skal verte „sameint i Kristus", og Gud skal
vera „alt i alle" (Ef. 1: 10; 1 Kor. 15: 28).
Det som Heidningapostelen so vandskeleg kann
sleppe, er berre Fyssteretten for sitt eige Folk.
Naar ein tenkjer seg inn i dette kann ein betre
skyna Ord som Mt. 15: 24, 26.

Men um det serleg er dei burtkomne,
Men-neskjesonen skal finne og frelse: i det heile er
han send til aa fyribu Gjenomføringi av
Til-være-Tanken, til aa grunnleggje det Gudsrike,
som er Meiningi og Maale med det heile
Ska-parverk. Vyrdnad krev han for denne den
største Gjerning som kunde verte ein skapt
paalagd; Vyrdnad krev han og for den som av
Gud er utvald til aa fyribu og sidan utføre
denne Gjerningi.

Han er Menneskje (Mt. 9: 8; 19: 17; 24:
36; Mk. 13: 32; Joh. 5: 30; 8: 40; 12: 49;
14: 28). Men han er komin i sin Faders Namn,
og søkjer ikkje sin eigin Vilje (Joh. 5: 30, 43).

3 — Garborg..

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free