- Project Runeberg -  Jesus Messias /
34

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

So hev daa og Faderen gjort honom til
Messias. „Alle Ting er mig yvigjevne av min Fader"
(Mt. 11: 27 Tilvisn.); „Faderen elskar Sonen
og hev gjevi alle Ting i hans Hånd" (Joh. 3:
35). So at „den som tek imot meg, han tek
imot den som sende meg" (Mt. 10: 40).

Aalvorsame Krav set han til Brørane sine.
„Den som kjennest ved meg for Menneskjom,
honom vil eg og kjennast ved for Fader min"
(Mt. 10: 32; „for Guds Englar", Lk. 12: 8);
men „den som skjemmest ved meg og mine
Ord, honom skal og Menneskjesonen skjemmast
ved, naar han kjem i den Herlegdomen som
tilhøyrer honom og Faderen og dei heilage
Englar" (Lk. 9: 261). Og dei som vil fylgje
honom og faa Lut i Messiasrike, maa fylgje
honom heilt. „Den som elskar Far eller Mor
eller Son eller Dotter meir enn meg, han er
meg ikkje verd"; „um nokon kjem til meg og
ikkje hatar Far og Mor og Kone og Born og
Bror og Syster og endaa sitt eigi Liv, han kann
ikkje vera min Læresvein".

Den Løni Messias lovar Sveinane sine er
stor, men ikkje verdsleg. „Den som misser
sitt Liv for mi Skuld skal finne det" (Mt. 10:
39 o. Tilv.); og „den som hev gjevi upp Hus
eller Brørar eller Systrar eller Far eller Mor

1 I Jesu Tid er - det Faderen, Sonen og Englane;
Anden var enno ikkje vortin „Person"; smf. Joh, 7: 39.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free