- Project Runeberg -  Jesus Messias /
36

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han Meining. Jesus godkjenner jamvel dei
etterbabyloniska Rabbinarlærdomane (som den
um Djevlane o. y. a.); gjenom deim som sat
paa Mose Stol hadde Faderen lati desse
Lærdomane koma upp; det var daa hans Tankar.

Alle Sogune fortél um Tempelreinskingi.
Denne gjekk etter Johannesboki for seg fysste
Gongen Jesus var i Jerusalem; og det er
rime-legt; daa vart han vel sterkast tekin av aa sjaa
den heilage Staden so lite vyrd. Men det som
det for honom gjeld um er Lovi, Gudsviljen.
Naar Farisæarar eller Skriftlærde kjem til han
med Lærdomsspursmaal, svarar han so rett at
han maalbind jamvel deim som gjerne vilde
finne noko aa hefte seg ved; men sjølv domer
han ingin for Meiningar eller Truir. Krave
hans er til alle det eine store: du skal haide
Bodi. Sine strengaste Ord segjer han til deim
som med all rett Tru ikkje liver rett; aldri hev
gudeleg Lygn fengi strengare Dom enn i Jesu
Talar mot Farisæarar og Skriftlærde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free