- Project Runeberg -  Jesus Messias /
38

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jesu Tid gjerne vilde sjaa Teikn, so hev
Kyrkje-lyden seinare lika aa høyre um Teikn; so er
det med Folke alltid. Og i dette Stykke
høy-rer snart sagt alle til Folke, eller gjorde det
daa visst i dei Tidine me her hev for oss.

So var det og det at Profetane hadde gjort
Teikn, Elias fysst og fremst, som saman med
Moses var Fyribilæte paa Messias. Dei hadde
og spaatt um forunderlege Ting som skulde
hende i Messias-Tidi; og Skaldebilæti deira
vart i seinare Tidir beintfram tekne. Esaias
hadde tala um, at blinde Augo og dauvhøyrde
Øyro skulde opnast og at halte skulde springe
som Hjortar og dumbe kveda av Sæle naar den
Gudsende kom med Fagnadbode sitt (Es. 35:
5, 6; 42: 7; 61 : 1); Ord av same Siage men
beintfram tydde vart i den etter-apostoliske
Tidi lagde Jesus i Munnen, naar han skulde
svara paa Spursmaale um han var „den som
skulde koma" (Mt. 11: 2—5; Lk. 7: 22).

Daa Undersogune tok til aa gange, hev
Kyrkjelydane undrast paa at so merkelege Ting
ikkje skulde ha vori kjende og fortalde fyrr.
Men so hev dei tenkt: Jesus hev forbodi dei
lækte aa segja kven Lækjaren var; elles hadde
han ikkje fengi gjort anna enn vera Lækjar.
Og dette hev vorti Tru (smf. Mt. 8: 4; 9:
30; Mk. 6: 56; Lk. 5: 14, 15). Sidan, daa

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0048.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free