- Project Runeberg -  Jesus Messias /
39

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sogune vart fleire og fleire (smf. Joh. 21: 25),
hev ein annan Tanke komi upp: di meir han
hadde forbödi Folk aa tala um Teikni, di meir
hadde dei tala (Mk. 7: 36); dermed hev
Tanken um Forbode mot aa tala vorti gløymd. So
heilt hev han vorti gløymd, at rett som det er
talar Jesus sjølv um Teikni sine (Mt. 11: 5;
Lk. 7: 22); ja i Johannesboki gjer han Teikn
beint fram til aa faa deim umtala (11: 4).

Undersogur er daa uppkomne i Mengd.
Teikni vert stundom heiltupp Trolldom: gjeng
for seg so Meistaren ikkje veit um det; dei
sjuke vert lækte berre dei rører ved Kanten av
Klædnaden hans (Mt. 14: 36; Mk. 6: 56; Lk.
6: 19). Og Sogune læt Jesus gjeva Tolkingar
til Teikni sine: ved deim godkjender Gud den
han hev sendt (Mt. 12: 25 flg).

Elles legg Jesus inkje noko Lag paa desse
Teikni; „hadde dé Tru som eit Sinapskorn,"
segjer han til Sveinane, „so kunde dé gjera
større Ting enn desse". Ja det vert lagt ’n i
Munnen Ord um at „ingin Ting skal vera
urnoge-legt" for deim; um dei so vilde bjode eit Berg
lyfte seg og kaste seg i Have, so skulde Berge
lyde deim. Daa han sender deim ut gjev han
deim Magt til aa gjera Teikn liksom han gjev deim
Fullmagt til aa forkynne Rike; og dei greider
det eine som det andre (Mk. 6: 13; Lk. 9: 6;

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free