- Project Runeberg -  Jesus Messias /
40

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

10: 17); Andane, som elles andre Folk og kann
drive ut, klarar dei likevel ikkje alltid (Mt.
17: 141).

So lite framkomin som Helse-Vitskapen i
den Tid var, hev alle som galdt for noko meir
enn vanlegt, vorti søgte um Lækjingshjelp; det
ser me og i Apostelgjerningar. Der vekkjer
Peter jamvel ein daud (9: 36), liksom han i
Stykke 5 tek Live av eit Par Menneskje med
Orde sitt. Ja sjuke vart borne ut paa Gata,
naar han eller Paulus var ventande; og fall
berre Skuggen av ein av desse Gudsmennane
paa ein sjuk, so friskna han (Apg. 5: 15;
19: 122).

Underverk ved vond Hjelp synest Jesus
ikkje aa hava tenkt seg (Mt. 12: 25 flg.;
Tilvisn.). Trui gjer Verke. Og det trengst Tru
hjaa Hjelpsøkjaren som hjaa Hjelparen. „Di

1 At „Andar" i lite kunnige Tidir vert tekne for
Upphäv til Sjukdomar som Fang og sume Slag av Hysteri,
kann me enno godt skyna.

2 Kor lett ein kann koma til aa vekkje daude naar

Trui er sterk, ser me av Apg. 20: 9—11. Evtykus feli
ned fraa eit Vindauga i 3die Høgdi og vert „tekin daud
upp"; Paulus tek’n i Famnen og segjer: „staaka ikkje,

for hans Sjæl er i honom." Og Mannen greider det.
Hadde Paulus tagt, so hadde visst Apostelgj. 20: 11 no
fortalt oss, at Paulus den Gongen vakte Evtykus upp fraa
dei daude.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free