- Project Runeberg -  Jesus Messias /
41

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Tru hev frelst deg,“ segjer Jesus ofte til deim
han hev hjelpt; og i Nasaret, der det er lite
Tru, gjer han „ikkje mange kraftige Gjerningar".
Me er her sterkt innpaa den rette Forklaaringi
av mangt av det som fyrr galdt — og ofte
enno gjeld — for Underverk.

Mykje Strid hev det vori um dei bibelske
Teikni. Me som veit kva Trui kann gjera —
i sjølve Lækjekunna er det Trui meir enn
Dropar og Pulver som hjelper —, og dertil veit
korleis Trui, naar ho fysst er uppkomi, kann
skapa nye og daa jamt større Underverk, me
vil ikkje døme so braadt. Det er sjølvsagt, at
i Tidir med lite Naturkjennskap og mykje Tru
hender det fleire „Underverk" enn i ei
kald-klok og tvilesjuk Tid som vaar; og visst er det,
at um Folk fyrr stundom hev trutt for mykje
paa aandeleg Magt, so trur me no helst for
lite. Dei Teiknsogune som i Bibelen er
upp-skrivne til Studnad for Trui, kjem daa og helst
i Vegen for Trui no. Kven kann hava Tillit til
ei Forkynning som er uppstudd med
Folke-dikting?

Men dei som tenkjer etter vil vita, at um
der so gjerne er eit Grand Folkedikting i
gamle Skriftir, so vert det sanne i deim like
sant for det. Me kann finne all den Sanning
me treng i Nytestamente, um me ikkje serskilt
trur paa dei Djevlane som vart drivne inn i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free