- Project Runeberg -  Jesus Messias /
42

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Svin, eller trur at Messias ein Gong hev vori
Vinbryggjar i Kana i Galilæa.

Det sanne i Bibelen ramlar ikkje, um me
tek Matlagingi aat dei 4000 eller 5000 Mann for
Folkedikting heller1. Av Markus 6: 52 skynar
me tydeleg, at denne Sogo hev vori ukjend
for Sveinane; mot Teikn hadde desse
barnslege Galilæa-Gutane ikkje forherdt Hjarto sine.

Daudevekkjingsogune hev me alt vori
inn-paa; den stridaste er den um Lasarus (Joh.
11). Jesus er reint ulik seg her; han gjer seg
beintfram fyri med aa faa Lasarus-Sogo
mer-keleg og aatgaadd. Han steller seg so, at daa
han kjem til Betania, hev Lasarus alt „legi
fire Dagar i Gravi“; at han „græt yvi Lasarus"
naar han hev stelt til dette og dertil veit at
Lasarus um eit lite Bil vil vera livande att,
det er ikkje heller likt Profeten fraa Nasaret.

1 2 Kong. 4: 38—44, der Elisa med 20 Byggbrød
mettar 100 Mann, ergjerne Grunn-Emne til denneSogo.
Messias maatte ha kunna gjera større Ting enn Elisa,
kann ein ærleg Kristin hava sagt; millom hugvarme
Jesus-Vénir hev dette vorti hermt; ein av desse hev
tykst høyre, at Jesus hadde gjort større Ting enn Elisa;
det hev han funni sjølvsagt, og hev sidan fortalt det til
andre; til Jesu Ære hev han heller lagt til enn tekifraa;
Sogo i Mt. 14: 13 flg. hev dermed teki til aa byggje seg
upp; og ingin hev „dikta" ho. Me ser kvar Dag, korleis
forunderlege Sogur lagar seg sjølve, so ingin veit kvar
dei er komne ifraa; og det hev visst ikkje vori annleis
fyrr i Verdi.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0052.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free