- Project Runeberg -  Jesus Messias /
43

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Orde um, at det alt tevjar av Like, gjer
Mei-ningi med Sogo uhugleg tydeleg: her skal daa
ingin kunne tala um Dvaledaude! — Me skal og
hugse, at Lasarus ikkje er nemnd i nokor av
dei andre Sogune. Jamvel Lukas, som (10:
34) nemner Systrane hans skulde vera, veit
inkje um ’n. Og endaa skal Lasarus etter
Johannesboki vera ein serskilt god Vén av
baade Jesus og Sveinane; Tomas Tvilling
yn-skjer endaa beint fram at dei kunde „døy med
honom“.—

Daudevekkjingssogune er i det heile seint
uppkomne; etter Mk. 9: 10 veit Sveinane ikkje
kva det er, dessmeir, aa „stande upp fraa dei
daude“. Og ein Ting kann me lite paa: hadde
Jesus nokon Gong vakt upp ein daud, so hadde
dette vorti hugsa daa han sjølv laag i Gravi,
eller daa visst den Morgonen daa Maria
Magdalena kom til Sveinane og fortalde at han
var uppstadin. Men det vert fleire Stadir
beint fram sagt, at Jesus er den fysste som hev
stadi upp; han er „Fysstemannen utav Upstödo
fraa dei daude“ (Apg. 26: 23), „Fysstegrøda av
dei som er avsovna" (1 Kor. 15: 20), „den
fysstefødde av dei daude“ (Opinb. 1:5); dette
kunde ikkje vori sagt soleis vilkaarsfritt, i Fail
andre fyrr hadde vori uppstadne eller uppvakte
„fraa dei daude“.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0053.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free