- Project Runeberg -  Jesus Messias /
45

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

han berre til Folke (Lk. 12: 13—21; 13: 22
—30; 14: 25—35). Hjaa Mattæus (13: 11 —
15) og Lukas (8: 10; smf. Joh. 12: 40) er det
gjevi ein serskild Grunn for at han tala til
Folke i Sogur; den maa vera fraa seinare Tid.
Jesus hev visst, at gjenom Bilæte og Sogur
fekk han Folke til aa baade høyre og hugse
best; og turvtest det Tyding, so hev han tydt
Sogune aat Folke som aat Sveinane. Men vel
ofte serskilt aat Sveinane (smf. Mk. 4: 34),
av di desse Sogune gjerne handia um Arbeide
for Messiasrike.

Liknadsogo kann me segja er ei
Folkedikt-Form; greide Bilæte fraa Kvardagslive gjev
Tankane Liv og hugfester deim. Stutt og
klaart vert Sogo sagd, utan Krus eller
Kunstir; og Lærdomen kjem fram greidt og
tydeleg. Gudsrike vert likna med eit Sinapskorn,
ein Surdeig, ein gøymd Skatt, ei dyrverdig
Perle, og anna som gjev Bilæte av løynd
Rik-dom eller Umskapingskraft; Arbeide i Rike,
og Vokstervilkaari der, vert skildra fraa alle
Sidur. Me hugsar Sogo um Saamannen: Fræe
feli paa ymis Grunn; sumt gror ikkje, sumt
gror fort men visnar; eller Ugras døyver det;
men dei som høyrer Orde um Guds Vilje og
skynar det, d. e.: tek det upp, gjer det til Liv,
dei fær den Løni som ligg i, at Tilvære deira
fær Innhald og Meining.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0055.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free