- Project Runeberg -  Jesus Messias /
46

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Sogo um Fiketree (Lk. 13: 6—9) gjev ein
Tanke um Jesu eigi Sjælesyrgjar-Arbeid: han
steller paa beste Maate med det gagnlause Trée,
og bed for det so lengi han ser tenkjeleg Von;
ikkje fyrr alle Raadir er freista kann han finne
seg i at det vert nedhoggi. Fleire Sogur hev
me um det same, som Lk. 15: 3—7 um den
burtkomne Sauden; eller Mt. 13: 24 (o.
Tilvisn.) um Svimlingen i Aakeren: godt Sæde
hev Husbonden saatt i Aakeren sin; men um
Natti saar Uvénen hans Ugras millom Kveiten.
Daa Tenarane ser dette, og spyrr um dei skal
ryskje Svimlingen upp, svarar den vise og milde
Husbonden: nei; for daa kunde dé rive upp
Kveiten med same; lat det alt vekse saman til
Hausten.

Og Husbonden er langtölug og lempeleg
so lengi det finst Von; men han veit kva der
er aa gjera naar Ventetidi er ute. Den Tenaren
som kjem att med Punde sitt unytta, lyt gjeva
det fraa seg til den som hadde gjort tie Pund
ut av sitt (Lk. 19: 12—26); for den som hev
skal faa, men den som inkje hev, som livde
Live sitt burt i Faafengd, han misser jamvel
det som han ein Gong fekk, som Jesus i eit
sterkt tilkvesst Ord fleire Gongir minner um.

Grunnlovi for sant Menneskjeliv: du skal
elske din Næste som deg sjølv, hev han framme
Gong paa Gong, i Læresogom som elles. Serleg

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0056.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free