- Project Runeberg -  Jesus Messias /
47

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

merkeleg er Liknaden um den urettferdige
Hushaldaren (Lk. 16: 1—8). Denne hev stellt
seg so, at han vert kravd til Rekneskap; og
han skynar at no er han ferdug. Men han veit
Raad. Han kallar til seg deim som stend i
Skuld til Herren hans, og ettergjev deim meir
eller mindre av Skuldi; han liter paa, at dei
som soleis hev fengi Hjelp av honom vil vise
’n Miskunn att, naar han kjem i Lægervall.
Jesus læt denne Hushaldaren faa Ros av Herren
sin for at han hev „gjort det klokt". Det vert
elles her lagt Jesus eit Ord i Munnen (Lk. 16:
9), som minner vel so mykje um Paulus (1
Tim. 6: 17—19) som um Bergpreikaren (Mt.
6: 19—21; smf. Lk. 12: 33).

Um Vinningi ved aa liva etter Lovi— at det
er ei slik Vinning lærer me serskilt tydeleg
naar me bryt Lovi — hev Læresogune mange
Bilæte. Serleg forvitneleg er Sogo um
Arbei-darane i Vingarden (Mt. 20: 1), der alle fær
same Løni, um dei kjem i Arbeid tidleg eller
seint. D. e.: naarsomhelst ein gjev seg inn
under Gudsviljen, vinn ein ved det full
Livs-meining og Livshugnad.

Mange av desse Sogune handlar um Israel
som ikkje kjenner si Gjestings Tid og for det
maa vente Dom; den Tanken hev ofte tyngt
Jesus. Me hev her Sogur som den um
Vin-gardsmennane som siær Ervingen i hel (Mt.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0057.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free