- Project Runeberg -  Jesus Messias /
48

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

21: 33; Tilv.), um Kongssonsbrudlaupe (Mt.
22: 1; Tilv.), o. fl.; dei er fraa den Tidi daa
det syntest meir og meir tydelegt, at nettupp
det Israel som Jesus hadde meint ikkje trong
Lækjar, vilde vise Gudsrike fraa seg. Sumt
er innkomi eller hev fengi sitt Lag i seinare
Tid; at Jesus ikkje hev spaatt um Domen yvi
Israel og Frelsa for Heidningane i so klaare
Ord som det no ser ut til, skynar me af
Apostel-gjerningar (10: 1—48; 11: 1—18 o. a. St.).
Men sterkt hev dei myrke Vonine gjengi
inn-paa ’n; det kjem i alle Sogune fram, i saare
Klagemaal og i strenge Domar.



Jesu fysste Forkynning er Gledeböde um
det nære Messiasrike, det han liksom
Døy-paren forkynner med dei Ordi som Folke
kjende fraa Stemnestogom. „Gudsrike" eller
„Himilrike" var daa og Ord som lét seg bruka
trygt, midt i Romarvelde; dei syntest ikkje
hava noko med denne Heimen aa gjera. Det
hadde dei ikkje heller i Jesu Munn.
Himilrike kom naar Gud vilde; og det kom snart:
„det er nokre av deim som her stend, som
ikkje skal smaka Dauden, fyrr dei fær sjaa
Menneskjesonen koma i sitt Rike", segjer han
med si sterkaste Forsikring (Mt. 16: 28; Mk.
9: 1; Lk. 9: 27). Men ingin utan Faderen,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free