- Project Runeberg -  Jesus Messias /
50

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Verde som gjev os full Løn for (d. e. full
Mei-ning i) Tilvære vaart. Jämsides dei store
Framvonine hev Jesu Svein den Vissa som
han kann røyne seg til: at det gode hev si Løn
i seg sjølv, at ein „vinn Live", vinn Innhald i
Live, naar ein paa rett Maate nyttar det. Gjer
ein Guds Vilje, so tarv ein ikkje som
Farisæ-arane spyrja naar Rike kjem; Rike er komi;
ein hev Rike i seg. Og ein stig og gjeng fram,
vinn større og større Sæle, rikare og rikare
Løn, di meir heilt og fullt ein gjev seg inn
under Gudsviljen.

At Live hev sitt Verde, si Løn, si Meining
i seg sjølv, er Jesu nye Tanke, hans sanne
Fagnadböd. Fær me Tak paa det, so vert alt
anna mindre vigtugt, um det so var sjølve det
rabbinske Messiasrike.

*



Jesu Forkynning er ei Lovtolking som
gjeng so djupt, at ho i Røyndi vert Lovgjeving.

Til aa setja nye Bøtar paa gamle Plagg var
han ikkje komin; han fullførde det gamle ved
aa gjenomføre Grunntanken i det. Moselovi
var ei Rettslovgjeving med ein moralsk Tanke
som ikkje vann heilt fram (smf. t. D. 3 Mos.
19: 18 med 2 Mos. 21: 24—25); gjenom Jesu
Tolking vinn Grunntanken fram; og Lovi vert
heilt ut Morallov, Livslære.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0060.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free