- Project Runeberg -  Jesus Messias /
51

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Denne Livslæra dreg seg som ei Gull-Aare
gjenom all Jesu Forkynning; i serskild Rikdom
stig ho fram i „Bergpreika" (Mt. 5—7; smf.
Lk. 6: 20—49; 11: 9—13; 12: 22—31 o. fl.
St.). Denne Preika gjev, kann ein segja, Jesu
Syn paa Lovi og Live i Samanheng.

Her som elles i Læretalur vender han seg
til dei smaae i Folke, dei som er minst bundne
av Verdi, og fysst og fremst til Sveinane sine
(Lk. 6: 20; Mt. 5: 11—12). Sjølve dei
Sæl-prisingane Tala opnast med gjeld deim. „Sæle
er dé fatige; for dekons er Guds Rike“; og
“sæle er dé som hungrar no“, og „dé som
græt no“ ; for „dé skal mettast"; „dé skal læ“,
segjer han etter Lukas; same Tanken er tekin
uppatt tri Gongir.

Sælprisingi yvi deim som vert forfylgde
kjem noko uventande her; Forfylgjingar var
ikkje uppkomne i den Tidi daa Bergpreika
vart haldi. Og dei hårde Tidine som var
ventande naar denne Heimsalderen leid til Endes
(Mt. 24 og Tilvisn.), dei skulde for Sveinane
vera Utløysni ngs tidir (Lk. 21: 28). Men
daa Jesus-Sogune vart skrivne, hadde mangt
snutt seg. Sveinane hadde røynt utenkte Ting;
og Ord som Jesus i myrke Stundir hev sagt,
men som Sveinane daa ikkje hev skyna eller
teki seg Tankar av, vil etter Golgata-Hende
og seinare ha livna upp att for deim og fengi

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0061.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free