- Project Runeberg -  Jesus Messias /
52

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Meining. Ofte vil dei daa hava haldi fram
slike Ord for Sveinar eller for Kyrkjelydar,
naar Tidine var urolege; og det var Tidine
jamt. Jesus-Ord um Forfylgjingar hev daa ofte
vori framme. I Bergpreika, som fraa fyssto
hev vori tenkt som eit Samandrag av Jesu
Forkynning, laut Trøysteord um Forfylgjingar
daa visst vera med.

Sist paa lyser Jesus (hjaa Lukas) fire
Gongir Usæl yvi dei rike og dei som i denne
Heimsalderen hev det godt. Yvi desse feli den
Domen, at dei „hev alt fengi si Trøyst“, fengi
det gode dei kann vente. Eller dei skal sidan
„hungre", eller „syrgje og graate", som det
heiter um „dei velmetta" og „dei som lær"1.
Dei som fær god Umtale millom Folk fær vita
at dei ikkje skal stole paa det; so gjekk det
alltid med dei falske Profetane.

Usæl-Lysingane er burte hjaa Mattæus.
Alt hev der vorti Sælprisingar; dei er 9 i
Tale og uppsette mest som eit Kvad.
Tankane hev og her vorti noko meir aandelege og
aalmenne; det gjeld dei fatige „i Anden" (smf.
Es. 57: 15), dei som hungrar og tysstar „etter
Rettferd" o. s. fr. Og i Staden for Tiltaleorde

1 Smf. Sogo um den rike Mannen og Lasarus. Sjaa
og Jakobs Brev 5: 1 flg. (der Apostelen dømer strengt
um dei rike som forheld’ Løni for Arbeidarom sine);
smf. 3 Mos. 19: 13; 5 Mos. 24: 14, 15; Job. 24: 1 —11.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free