- Project Runeberg -  Jesus Messias /
53

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

„dé“ hev me Umtaleorde „dei“. Men mot
Slutten (5: 11, 12) hev Mattæus dé liksom
Lukas. Lk. 6: 20—26 ligg daa vel
Grunn-teksti nærast.

Sjølve Preika tek til med Utsegni um, at
Jesus byggjer paa Moses. I Messiasrike skal
den vera kalla stor som i Lære og Liv held
seg til Lovi; den som bryt um det so berre
er eit av dei minste Bodi og lærer Folk so,
han skal — ikkje verte „fordømd“; han skal verte
kalla den minste i Himilrike (Mt. 5: 19). Det
vil vel segja at han skal vera millom deim som
sist kjem der inn (um den andre Domen sjaa
Opinb. 20: 12, smf. V. 4) og vinn minst høgt
upp; etter dette og ymse andre Ord skal det
vera ulike Høgdir i Løni so vel som i Straffi
(Luk. 12: 47—48).

Det er Lovi Jesus held fram, i Bergpreika
som i heile si Forkynning. Naar nokon kjem
og spyrr kva han skal gjera til aa vinne Live,
hev Jesus berre eit Svar: hald Bodordi (Mt. 19:
16 o. Tilvisn.). Og daa Spyrjaren nemner det
Böde som alt etter Moses er Innhalde av
Lovi: du skal elske Gud av alt ditt Hjarta og
din Næste som deg sjølv (5 Mos. 10: 12), so
segjer Jesus: du svara rett; gjer dette so skal
du liva (Lk. 10: 25—28). Den rike Raad-

mannen segjer: Lovi hev eg haldi fraa eg var
ung (Mt. 19: 16—21; Tilvisn.); Jesus vert

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free