- Project Runeberg -  Jesus Messias /
54

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ikkje förundra yvi dette Svare. Smiler ikkje
heller. „Jesus saag paa honom og fekk honom
kjær“ (Mk. 10: 21). Det er fullt Aalvor: me
skal haide Bodi.

Du skal elske, d. e. unne din Næste som
du elskar, unner deg sjølv, er Grunnlovi i Jesu
Gudsrike. Den Verdi der kvar tenkjer paa
seg og den rike liver i Gledskap og Glans og
læt Lasarus liggje hjelpelaus utanfor si Dør,
kann kalle seg kva ho vil; til Gudsrike høyrer
ho ikkje.

Gjenom Jesu Lovtolking kom Grunnen i
Lovi upp. Lovi er Faderens Vilje; men
dermed er ho og vaar Vilje, so visst som me er
Borni til Faderen; vaar sanne Vilje er ho.
Drivkrafti til det gode er daa ikkje Rædsla
lenger, um me aldri so vel veit at Syndi dreg si
Refsing etter seg liksom ei Naturlov sine
Verkningar; Drivkrafti er den gode Grunnen i oss,
Kjærleiken, Broderhugen.

Lovi er ikkje Fyrisegnir um utvertes Skikk;
Hjarta krev ho, d. e. heile Menneskje. Men
dermed gjer ho og Menneskje fritt. Det er
ikkje lenger Jahve, som byd og krev for si
Skuld; det er Faderen som rettleider Borni
for deira eigi Skuld: gjer dette, so skal du
liva. Og naar Menneskje vert eit Barn som
vi 1 Faderens Vilje, so gjeld Orde i 1 Joh. 5: 3,
at Guds Bod ikkje er tunge. Lovi er ikkje

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free