- Project Runeberg -  Jesus Messias /
57

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

er han og vert han verande; Live hans er
ikkje Liv. Det han venta seg Giede av gjev
ikkje Giede; naar han fær det han sette si
Von til, so finn han det „utantil blankt og
innantil krankt". Er han daa ikkje det reine
Faavit, so skynar han Samanhenge meir og
meir; Argskap og Hat tek han; han vert „vond";
set si Giede i aa vera til Mein, likar aa sjaa
andre svikne som han sjølv vart svikin, sjaa
andre lide som han sjølv lid. Uhuglegt og
fælslegt er dette, so det hev vori kalla
„djevelskt" og sett i Samanheng med ei
ser-skild vond Magt; no kallar me det Faavit,
eller naar det gjeng uvanleg vidt, Sjukdom.
Ja det kann gange so vidt at me kallar det
Galinskap. I gamal Tid var det Storherrar
som hadde slik Magt at dei „kunde gjera kva
dei vilde", ja beintfram vart kalia Gudar; men
mange av deim vart tekne av den Hugsjuken
som heiter Sjølvsjuke og för soleis aat, at dei
hev vorti til eit Ordtøke for alle Folk sidan.
Berre Kjærleiken kanngjeva Live Innhald; det
visste Jesus, daa han sette Næstekjærleiken
upp til Grunnlov for det.

Sjølve Rettsböde um aa ikkje slaa ihel vert
til Moralkrave um aa elske Brørane.
Ukjær-lege Kjenslur vil draga etter seg ukjærlege
Gjerningar eller Ord; og at jamvel Ord kann
vera Draapssyndir, det er meir beintfram sant

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free