- Project Runeberg -  Jesus Messias /
59

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

have likt. Men ulike Slag døyver kvarandre.
Vil ein øyde godt, skal ein gjera vondt; men
vil ein døyve vondt maa ein gjera godt; det er
ei klaar naturleg Sanning Jesus her legg fram,
og ikkje noko Tverdøme.

Elske, gjera godt mot sine Fiendar maa ein,
um ein vil vinne yvi deim. Tanken hev vori
uppe alt hjaa Moses (2 Mos. 23: 4); og i
Salomons Ordtak (25: 21) stend det, at „er
din Fiende svoltin, so gjev honom Mat, og
tysster han, so gjev honom Vatn“, um Tanken
der elles er den som Paulus tek upp-att i Rom.
12: 20: at ein paa den Maaten sankar gloande
Köl paa Hovude aat Uvénen sin. Hjaa Jesus
er Krave heilt og klaart. Liksom Himilfaderen
læt si Sol renne yvi vonde og gode og Regn
falle yvi rettferdige og urettferdige, soleis skal
og dé, segjer han, „elske dekons Fiendar,
velsigne deim som bannar dekon, gjera vel mot
deim som hatar dekon og beda for deim som
vil gjera dekon Forfang og forfylgje dekon".
Elske sine Venir kann alle; den som vil vera
Jesu Svein maa stande so fri av Verdi at han
kann elske jamvel sine Uvenir. Med dette
gjenomførde Kjærleikskrave gjer Jesus Lovi
heilt til Fridom og Aand; det juridiske „Auga
for Auga og Tonn for Tonn“ er avteki.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0069.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free