- Project Runeberg -  Jesus Messias /
60

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Jesu Svein taper inkje ved det at han gjer
seg fri av Verdi.

Alt er der kvervande og skiftande. Möl
og Mott ét upp, og Tjuvar bryt inn og stel;
der bør han daa ikkje hava Skattane sine.
For der dei er vil Hugen hans vera; og han
kann ikkje tena baade Gud og Mammon.

Ikkje-rik paa Jordi skal Jesu Svein vera,
og endaa sutlaus; han hev ein Fader som veit
kva han treng. Og med det han treng skal
han vera nøgd, som Fuglen, som Biomen.
Det vert gjevi ’n attaat, alt det han tarv, naar
han fysst søkjer Guds Rike og Rettferd.

Rikdom og Hug til Rikdom bind hårdt til
denne Heimen; Mammonstrælen er hugbundin
jamvel naar det gjeng ’n godt; og rik i Gud
vert han vandskeleg. Hugen hans er trylt og
Viljen forvend; det Böde som er Innhalde av
Lovi gløymer han burt; han heng fast i sitt
Jordstræv og læt Lasarus forkomast millom
Hundane. Ja han brukar Brørane sine til
Trælar og stel seg rik av deira Slit; stel fraa
deim og drep deim i Staden for aa elske deim.
Raadlaust er det for ein rik aa koma inn i
Gudsrike utan serskild Hjelp ovanfraa; ikkje
for ingin Ting priser Jesus dei fatige sæle.

Med Fatigdom meiner han smaae Kaar;
den Armodi som vaar’ Tid él fram so mykje
av, og som ikkje er anna enn Rangsida av

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free