- Project Runeberg -  Jesus Messias /
61

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mammonsvelde, hadde Jesus ikkje havt Lovord
fyri. Smaae Kaar, daglegt Arbeid og daglegt
Brød, bind minst til Verdi; i slike Kaar kann
Hugen haide seg friast.

„Dei fatige" hjaa Jesus er dei som livde
etter den Skipnaden Moses hadde sett, so godt
som dette daa lét seg gjera i hans Tid.
I Israel, som vel all Stad i gamle Dagar der
Folkeskikk var komin upp, var Samnøyte
bygt paa Tanken um aalmenn Rett til den
Grunnen alle er vaksne av. Jordi var ikkje
mi og di, ho var Aalmenn-Eign, „høyrde
Herren til“ (Salm. 24: 1). Den einskilde hadde
ho berre i Leige av honom gjenom Samnøyte.

Til „alle Mannaborni" (Salm. 115: 16) var
ho gjevi; um Lovine for Utskiftingi kann ein
lesa i 4 Mos. 26: 52—56 og 33: 54, smf. Josv.
Stykki 14—19. Men ingin kunde „eige“Jord;
ingin hadde anna enn Bruksrett til ho. Og um
Brukaren kunde selja Bruksretten sin eigin,
so kunde han ikkje selja Bruksretten aat Ætti
si; „seld“ Jord fail attende til den gamle
Brukaren eller Ervingane hans naar Helgaare kom
(50de-kvart Aar), daa alle Jordleigune vart
uppatt-nya. Jord kom soleis aldri „or Ætti“.

Paa den Maaten kunde ikkje noko nkt
Jordherrestand koma upp. Men so kunde det
ikkje koma upp nokon Armodsdom heller.
Til Trygd mot den gav Moses elles mange Bod,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0071.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free