- Project Runeberg -  Jesus Messias /
62

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

og det Böd som dei rike no vilde finne
stridande mot det dei kaliar baade „Fridom" og
„Kristindom“. Tanken i Moselovi var beint
fram den: „du skal ottast Gud, so at Broder
din“ (o: din Næste) „kann liva med deg“
(3 Mos. 25: 36) k I Jesu Tid var den gamle
Skipnaden komin i Nedfall; og meir og meir
vann den Armodi seg upp, som ikkje er
Vel-signing; men so trudde og alle sanne Israelitar
at den gamle Heimsalderen var utlivd, og at
Messiasrike maatte koma snart, med ny Rett
for dei mange og alltid fleire som no leid
Urett.

Men enno var mykje av den gamle
Skipnaden att2; og i jamne Arbeidskaar, som ikkje
kunde føre til Rikdom men heller ikkje til
Armod, finn Jesus Grobotn for dei Dygdine
han fysst krev: Barnehugen og den fredsæle

Audmykt. Denne siste priser han med Ord
som minner um gamall Folkevisdom: den som
høgrar seg sjølv skal verte nedra, og den som
nedrar seg sjølv skal verte høgra; set ein seg
øvst i eit Gjestebod kann han verte flutt ned;
men set han seg nedst og daa heller vert
flutt upp, hev han Ære av alle (Lk. 14: 10).

Det Broder-Samnøyte Jesus tenkjer seg, er

1 Fr Verinder: „Bibelen og Jordspursmaale“

(Syn og Segn April 1906).

s Sjaa t. D. Mt. 12: 1 o. Tilvisn.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0072.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free