- Project Runeberg -  Jesus Messias /
63

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

bygt paa denne Tanken. „Dei som styrer
Folki held deim under Herrevelde, og
Stor-mennane brukar Magt yvi deim; men so“,
segjer han, „skal det ikkje vera millom dekon";
den som vil vera stor i Jesus-Lage, han skal
vera Tenar, ja Træl; „den største millom dekon
skal vera som den yngste og den styrande som
den tenande“ (Lk. 22: 26; 9: 48; Tilvisn). Og
han skal vera Tenar ikkje i Ord, men i
Gjer-ning, so som Jesus med sitt eigi Fyridøme
lærde oss (Joh. 13: 2 flg.): „naar eg, som er
Herren og Meistaren dekons, hev tvegi dekons
Føtar," segjer han, „so hev eg gjevi dekon eit
Fyridøme, at som eg hev gjort, so skal og dé
gjera."

Brodertanken, Kjærleiks-Tanken gjeng
gje-nom heile Jesu Lære og Liv. Som han er
komin til aa føre dei burtkomne paa rett Veg,
soleis kallar han serskilt til seg dei mødde og
tyngde; hjaa honom „skal dei finne Kvild“.
Dei linnaste, mjukaste Tonane fraa den gamle
Profet-Harpa høyrer me att, mjukare og rikare
enn fyrr; og dei vert ikkje døyvde av den
sterke, myrke Klangen fraa den messianske
Domsluren.

I næraste Samanheng med
Broderkjærlei-ken stend Kjærleiken til Borni; Jesus finn her
varme Ord. „Lat Smaaborni vera, og hindre
deim ikkje fraa aa koma til meg; for Himil-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0073.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free