- Project Runeberg -  Jesus Messias /
65

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

forbyd ikkje Sveinane aa gifte seg. Peter var
gift alt i den fysste Tidi (Mt. 8: 14; sjaa og
1 Kor. 9: 5).

Etter Moses var det tillati aa sverja, naar
ein heldt Eidane sine; Jesus forbyd Sverjing
heilt. Jesu Svein skal alltid segja sant;
Sverjing vert daa meiningslaus. Men til
Meinings-løyse skal ein ikkje bruka noko som vyrdande
er, minst Guds Namn. Og Undantak gjevst
ikkje. Naar Domstolane brukar Eiden som
fyrr Pinebenken til aa tvinge Sanningi fram i
Rettssakir, so er det ikkje Jesus dei held seg til.

Der var i Moselovi Bod som gav farisæisk
Utanpaa-Heilagdom Tilføre til mykje synleg
Lovlydnad, og som det difor vart lagt sers
Lag paa, soleis Böde um Kviledagen; Jesus
vert fleire Gongir freista med Spursmaal um
den. I Svari sine held han som elles Guds
Bod fram; men med Ihuge viser han
Fari-sæardomen fraa seg. Fraa Matstræv og
jordisk Sut skal me kvile paa Helgdagane; men
fraa det gode skal me ikkje kvile, meir enn
me kviler fraa det naudsynlege. Det fjorde
Böde maa Jesus like eins verja mot Lovtrælane.
Gud hev sagt: heidra Far og Mor; dei
lovlærde segjer: Temple gjeng fyri Far og Mor;
ein Son kann taka fraa Foreldri sine, naar han
gjev det tekne til Temple. Soleis gjer dei
Guds Bod til inkjes med sine Menneskjeböd.

5 — Garborg. -

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0075.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free