- Project Runeberg -  Jesus Messias /
66

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Mot slikt minner Jesus um, at Gud hev Hug
til Miskunn og ikkje til Offer. Og Menneskje
er ikkje Træl under Lovi, men som
Menne-skjesonen Herre yvi ho, so sant det hev
Gudsviljen livande i Hjarta.

*



Rettslovi set Forbod, Morallovi gjev Böd;
Jesu Lovgjeving inneheld mest um det me skal
gjera.

Det er her Hjartelage detspyrstum; ikkje
alle Gjerningar er gode som ser gode ut.
Olmosur skal me gjeva so me sjølve ikkje
gaar til det; for kor mykje me gjev, det vert
alltid lite mot det me fekk1. Og alt godt me
gjer er faafengt, i Fall me gjer det med Tanke om
utvertes Vinning; den som fastar til aa vinne Ros
millom Folk, han vinn ikkje meir enn det.
Berre naar me fastar til vaar eigi Upptukting
vinn me noko som hev Verde. Me skal daa
heller ikkje lata Folk vita at me fastar; me
skal stelle oss so at dei trur det er Høgtid me
held; Jesu bryr seg ikkje um
Utanpaa-Heilag-dom.

Bøni er og ei Sak millom oss og Gud

1 I vaare Dagar, daa dei som bed ikkje alltid er
dei som mest treng, ja daa Tiggaren stundom er
Spekulant, hadde vel Jesus sagt: gjev den som bed deg, og lat
det vera hans Sak um han lyg for deg?

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0076.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free