- Project Runeberg -  Jesus Messias /
68

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

seg yvi til aa vilja det Gud vil, og det um
Gudsviljen aldri so mykje gjeng vaart Ynskje
imot; beda er: aa lyfte seg yvi seg sjølv og
inn i Allviljen. „Ikkje som eg vil, men som
du vil!“ bad Jesus fraa Nasaret; og so er det
han hev meint at me skal beda.

Den Bøni Jesus lærer Sveinane, er vend
til „Faderen". Tanken um at Gud er Faderen
var uppe alt i den gamle Tidi (Job. 31: 15;
Ordtøki 22: 2; Mal. 2: 10); med Faderen
meinte dei gamle Skaparen. Jesus gjenomfører
Tanken i meir aandeleg Meining; og han lærer
oss aa beda som Born. Med Barne Trygd
og Tillit skal me vende os til Faderen, men
daa og med den rette Barne Hugen til aa
bøygje oss for hans Vilje.

Gud hev vorti Faderen, av di han i
Sanning hev vorti Gud. So lengi han var Jahve,
ein Folkegud millom andre Folkegudar, laut
han fysst og fremst tenkje paa si eigi Magt;
no er han Herren aaleine; Rike, Magti, Æra
er hans; og daa vil han, at som han sjølv er
fullkomin og sæl, so skal og hans gjævaste
Skap-ning, Bilæte hans, Son hans, naa denne Høgdi.
Me tarv ikkje lenger hava Age for Gud i
den gamle Meiningi Rædsle; me skal elske
Faderen.

Me bed daa fysst og fremst um Framgang

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free