- Project Runeberg -  Jesus Messias /
69

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

for hans Rike1 og hans Vilje; at alt legg seg
heilt og viljugt innunder honom er godt for
oss med, av di at daa kjem det Rike hans, som
for oss er Sæla. So bed me um det me treng
for oss sjølve og den Tidi som no er; me
veit at so sant me er hans Born og Tenarar,
so er vaar Båte hans Vilje.

Det me fysst treng er Livs Upphelde; me
bed daa fysst um daglegt Brød. So bed me
um aandeleg Hjelp: Tilgjeving for Syndi og
Frelse fraa Freistingar, i det heile Frelse fraa
det vonde, fraa alt som kann hindre oss i aa
fylgje Gudsviljen; me bed daa i Sanning som
Born; me gjer Faderens Sak til vaar Sak.

Til den serskilt vigtuge Bøni um
Synd-forlating hev Jesus ei Tyding (Mt. 6: 14—15;
Tilv.) som er framifraa klaar, men som etter
Paulustidi hev vori merkeleg gløymd i Kyrkja.
Vilkaare for Syndtilgjeving er etter Jesus eitt
einaste: me maa sjølve tilgjeva. „Dersom dé
forlæt Menneskjom deira Misgjerningar, so skal
og dekons Fader i Himlom tilgjeva dekon;
men dersom dé ikkje forlæt Menneskjom deira
Misgjerningar, so skal heller ikkje Fader dekons

1 I den etterbabyloniske Tid var den vonde Magti
(„Beelsebul", „Satan", „Diabolos") uppkomi utanfor og
paa ein Maate jämsides Gud; men denne Magti skulde
falle for Messias (Opinb. 20: 2, 10).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free