- Project Runeberg -  Jesus Messias /
70

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

forlata dekons Misgjerningar" (Mt. 6: 14—15;

Tilv.).

Noko „Offer for Syndi“ veit Jesus ikkje
um; han held seg til Profetane (Es. 1: 11; 66:
3; Jer. 6: 20; Am. 5: 21 ; Mich. 6: 6, 7). Um
Offer talar han paa ein einaste Stad (Mt. 5:
23; smf. Mk. 11: 25); men noko Syndoffer
er det ikkje han der tenkjer paa. Tvertimot;
det vonde som kann vera i Vegen, maa etter
Ordi hans paa den Staden vera nedsona fyrr
Gaava vert bori fram. „Gakk fysst og vert
samd med Bror din“, segjer Jesus; naar du
det hev gjort kann du bera fram Gaava di1.

Jesu Lære er fullklaar her, og han er
inn-paa dette ofte. Tilgjev, so skal du faa
Til-gjeving; „dersom Broder din syndar imot deg,
so tél for honom; og angrar han, so tilgjev
honom". Ja „dersom han sjau Gongir um
Dagen syndar imot deg, og sjau Gongir um
Dagen kjem att og segjer: eg angrar det, so
skal du tilgjeva honom" (Lk. 17: 3—4; Mt.
18: 21—22). I Liknaden um Kongen som

heldt Rekneskap med Tenarom sine gjeng det
ein hard Dom yvi den som ikkje tilgav
Med-tenaren sin; „so skal og min himilske Fader

1 Syndesutring bryd Jesus seg ikkje um. Ser han
ein som er tyngd av leide Minne, so talar han ikkje um
Anger; „ver frihuga, Son!" segjer han; „dine Syndir er
•deg forlatne"; og det utan eit Ord um Blot eller Blod.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free