- Project Runeberg -  Jesus Messias /
76

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Grøda. Jordi kann bera mindre eller meir.
Men ho trivst, liver, ved aa bera Grøde; ein
kjenner seg sæl, naar ein gjer det som godt
er. Men den Jordi som ikkje bér, vert
upp-brend av Soli eller nedkjøvd av Klunger; ho
vantrivst og legst i Øyde. Naar
Menneskje-sonen i Domen (Mt. 25: 40) segjer: det dé
gjorde mot ein av desse minste Brørane mine,
det gjorde dé mot meg, so meiner han: det
gjorde dé mot det sant menneskjelege i dekon
sjølve. For i oss alle liver Menneskjesonen;
og han er etla til aa vinne i kvar vaknande
Menneskjesjæl, vinne meir og meir yvi
Dyre-haatten og Villmannen i oss, „Djevelen"1.

Løni, Kjensla av Vokstr og Framgang,
fyl-gjer med alt godt ein kann faa gjort, um det
er lite eller mykje. Den som berre gjev ein
av dei minste so mykje som ein Drykk Vatn
med godt Hjartelag — ein Drykk Vatn var
elles ikkje alltid lite i det turre Palæstina
— skal ikkje sakne si Løn. Kvart godt
Hugskot ein fær fylgje hev i seg sjølv si Løn;
kvar Siger ein vinn, kvart Stig ein tek paa
den gode Vegen, fører Hugnad med seg.
Soleis er der og„Løn“ for den som bed rett, eller
fastar rett: han kjenner at han veks, at det

1 Djevelen hev vori god aa hava aa skulde paa. Det
er gildare aa segja: Djevelen forførde meg, enn aa stande
til, at Dyre i meg fekk Magti.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free