- Project Runeberg -  Jesus Messias /
78

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

Men alt tidleg hadde Tenkjarar i Israel
undrast paa, at det ikkje alltid gjekk den gode
godt og den laake laakt paa Jordi (sjaa serleg
Jobsboki). Det hev vori freista med fleire
Forklaaringar av dette, soleis den, som me finn
Merke etter i Joh. 9: 2, 3: at dei som lid
vondt her maa ha synda fyrr dei vart fødde,
eller at dei lid for Synder som Foreldri deira
hev gjort. Men Tanken um ei Utjämning etter
Dauden fekk Magti. Alt hjaa Job vaknar
Voni um ein Rett for dei gode i hin Heimen,
og i Visdomsboki hev Tanken vunni fram;
det hev vorti Liv i Naaheimen med Hugnad
for dei gode og Uhugnad for dei vonde (3:
1—10).

I Jesu Tid hadde Scheol — eller Hades,
som det paa græskt heiter i N. T. — skiftseg
i tvo; det var Helheimen, „Pinsla", for dei
urettferdige, som der vart „haldne i Varetekt
under Refsing til Domedag"; og det var
Paradis, „Abrahams Fang", for dei rettferdige (Lk.
16: 22, 23; 2 Petr. 2:91). Desse tvo Stadine
var strengt skiide; likevel kunde dei gode og
dei vonde sjaa og jamvel tala til kvarandre
(Lk. 16: 23—26). Den Logen som er nemnd
i Sogo um Rikingen og Lasarus, er vel i

1 Etter Lk. 23 : 43 skuide Jesus sjølv fara til dette
Paradis.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0088.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free