- Project Runeberg -  Jesus Messias /
79

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

heller sein Tid innlaant fraa Gehennax. Stundom
nemner Jesus eit Fangehus, som Syndaren
ikkje skal koma ut or, fyrr han hev betala den
siste Skjerven (Mt. 5: 26; 18: 34; Lk. 12:
59); dette maa vera Refsingsstaden i
Helhei-men; fraa Gehenna kom ingin ut; det var den
andre, d. e. den fullkomne, den endelege
Dau-den (Opb. 20: 14).

Straffi vert tilmælt etter Syndi: di større
Synd, di hardare Refsing. Og viljande Synd
vert strengare dømd enn uviljande; ein Tenar
som ikkje gjer Viljen til Herren sin vert refst
med Slag; mykje Slag um han visste kva
Herren vilde, mindre Slag um han ikkje visste
det; i det heile: det vert kravt av kvar
etter-som det er honom gjevi (Lk. 12: 47, 48).
Fysst og fremst spyrst det: hev du elska din
Næste; den som berre er vreid paa sin
Broder vert skyldig til Straff, og det som ein
Draapsmann etter Moselovi, um han daa ikkje
hev havt Orsak til Vreide (Mt. 5: 21, 22 o.
Tilvisn.). Jamvel for vaare Ord skal me gjera
Rekneskap; gjenom deim kjem, helst naar
me minst tenkjer paa det, vaar djupaste
Sanning fram; difor: „etter dine Ord skal du verte 1

1 Dei vonde Andane hadde ein serskild Fangestad:
Abyssos (o: Botnløysa, i N. T. umsett med Avgrunnen;
Lk. 8: 31; 2 Petr. 2:4; Opb. 20: 13).

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0089.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free