- Project Runeberg -  Jesus Messias /
81

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

hebr. Gehinnom, Hinnomsdalen, er Namne
paa ein Dal utanför Jerusalem, der Juda i gamle
Dagar hadde blota til Molok (Jer. 7: 31; 2
Kong. 23: 10). Det var ein uhugleg Stad.
Grunnen hev vori vulkansk; det stod som ein
Eim i Lufti yvi Dalen. Og Trui var, at
Gehinnom ein Gong skulde forvandle seg til ein
Eldsjø, der dei verste Israelsfiendane skulde
verte uppbrende (Es. 66: 16, 17, 24; Dan. 7:
10—27).

I seinare Tidir vart Rusk og Avfall fraa
Byen og annan Ufyseskap, som Kroppar av
daude Dyr, stundom og Brotmanns-Lik,
uppbrende i Hinnomsdalen. Og Reinskingselden
der brann æveleg, Natt og Dag, daa det alltid
var Avfall nok fraa ein so vidt stor By som
Jerusalem. Og med Svaavel brann Elden, av
di det laut vera sterk Eld som skulde faa Ende
paa alt dette Avfalle fort nok i so varm ei
Luft som den Judæa hadde.

Med all denne Uhyggja, og med Eld og
Eldminne og Elddraumar fraa fyrr og no og
sidan, yvi og under Jordi, vart Gehenna,
Hin-nomsdalen, det rette Emne til aa laga eit
Hel-vite av. Og det vart Bilæte paa den siste
Straffi yvi Fiendane til Gud og Folke hans.

Elden er Bilæte paa Avøyding eller paa
’heil og fullkomi Uppreinsking; som Elden i
Hinnomsdalen gjorde Ende paa Avfalle fraa

6 — Garborg.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0091.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free