- Project Runeberg -  Jesus Messias /
83

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

fyri" er burtkomi, vert fysst dei tri store
Vondemagtine: Dyre, den falske Profeten,
Dje-velen, kasta i Eldsjøen (19: 20; 20: 10, 14); og
alle som ikkje er „uppskrivne i Livsens Bok"
fær same Lagnad. Dei som fylgjer Dyre og
Profeten vert drepne „med Sverde hans som
sat paa Hesten" (19: 21), og dei som er med
Djevelen i den siste Striden mot dei heilage
vert uppbrende med „Eld fraa Himilen" (20: 9);
men Dauden og Helheimen vert „kasta i
Eldsjøen" (20: 14); og „dette er den andre
Dauden"1.

Men paa eit Par Stadir er noko nytt aat
aa arbeide seg fram: Draumen um ein

Eld som ikkje er til Uppreinsking, men til
„Pinsle"; dei som der brenn, skulde daa ikkje
„brenne upp", men liva æveleg midt i Elden.
Det er vel Forfylgjingane som hev gjevi denne
sjuke Draumen Liv: naar Gud lét Forfylgjarane
fara fram som dei gjorde mot Borni hans, so
maatte han hava tenkt ut ei reint serskilt
skræ-meleg Straff aat deim. Av ei
Skalde-Ordven-ding er denne Draumen runnin fraa fysste Tid
(smf. Opb. 19: 3, der Røyken av det
øyde-lagde Rom stig upp „i alle Ævur“); men i

1 All Synd som ikkje er tilgjevi fær i denne Elden
si endelege Straff (soleis Syndi mot Anden, som etter
Mt. 12: 32 „ikkje vert tilgjevi korkje i denne
Heims-alderen eller den komande").

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0093.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free