- Project Runeberg -  Jesus Messias /
85

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

skulde daa vera: i alle Tidir; gjenom
alleHeims-aldrar. Men, som me hev set, kjem
Gehenna-Straffi ikkje fyrr Heimsaldrane er til Endes,
eller som det heiter i Opinberringi (10: 6):
naar det ikkje lenger skal vera Tid. So lyt
daa dei lærde ut med sine Ordleikar um
ende-laus Tidløyse eller den „endelause
Augneblin-ken" o. s. fr., som ingin skynar, ikkje dei
sjølve heller.

Det som er visst er, at Jesus aldri talar
um endelaus Straff; jamvel den største
Syndaren skal koma ut fraa Straffestaden naar han
hev „betala den siste Skjerven". Den æoniske
Elden i Mt. 25: 41 maa vera Gehenna-Elden|;
men „æveleg Pinsle“ veit Jesus inkje um. Orde
kolasis som han brukar i same Stykke V. 46,
og som Kyrkjebibelen umsét med „Pinsle"
(„Pine"), tyder etter Ordbøkane Kvisting (aa
kviste Hagetre) og sidan Refsing, Tukt, Age; men
jamvel „æveleg Tukt" vert utan Meining, naar
det „ikkje er Tid lenger" og det jordiske
Tilvære hev naatt sitt Endemaal.

Det kann daa ikkje vera Læresveinen
Mattæus som hev lagt dette Orde i Jesu Munn;
det er den vaknande Kyrkja som hev teki til
aa leike so smaatt med den „ævelege Elden"1.

1 Lutherkyrkja hev som me veit stroki baade
Scheol og Gehenna og sett i Staden sitt eine store
„ævelege Helvite". Kven som skal svara paa Domedag for

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0095.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free