- Project Runeberg -  Jesus Messias /
89

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

med Guds Hjelp kunde setja seg paa
Messias-stolen liksom Gjætaren fraa Betlehem hadde
sett seg paa Kongsstolen, hev ikkje vori nokon
urimeleg Tanke for deim. Dei skyna at Israel
maatte umvende seg, fyrr Messiasrike kunde
koma; men det Spursmaale som sidan vart so
lagnadstungt for Judas Iskariot: um det ikkje
vilde gange lettare med Umvendingi, naar Folke
fekk sjaa Messias i sin Herredom, — det hev
livt hjaa deim all Tid. Jesus trøytnar stundom.
„Skynar dé ikkje enno?" spyrr han. „Hevdé
enno dekons harde Hjarto; hev dé Augo og
ser ikkje? og hev dé Øyro og høyrer ikkje?"
(Mt. 15: 16; Mk. 8: 17). Men dei trudde paa
Mei-staren, um dei ikkje skyna ’n so heilt. Og
han kjende at han hadde deim med seg; med
varme Ord priser han deim sæle (Mt. 13: 16).

Folke vil nok helst „sjaa Teikn". „Dei er
uppgjæve og yvigjevne liksom Sauir som ikkje
hev Hyrding." Men det er med Folke som
med Born; uheft av Læresetningar og
Sjølv-klokskap høyrer det paa Sanningi; og mange
trur. „Eg lovar deg, Fader, at du løynde dette
for dei vise og vituge," segjer han um
Glede-böde sitt, „og opinberra det for dei umyndige."
Mot dei Byane der han hev arbeidt mest
segjer han strenge Ord (Mt. 11: 20 flg.); dess
meir priser han deim som tok imot
Fagnad-böde.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0099.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free