- Project Runeberg -  Jesus Messias /
92

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

slikt; men Tillit til Mannen gav det ikkje.
Faarleg var det han var; han dømde dei øvste
i Folke og daara dei andre med uklaare
Mes-siasdraumar som dei romværske Herrane snart
kunde faa Tak i; faarleg, speleg var denne
Mannen, speleg for Lande og Guds Folk;
Gali-læafiskarar og andre Faavitingar kunde segja
kva dei vilde.

— Og Farisæarar og skriftlærde og alt som
høyrer det rette Israel til, dei legg seg saman
mot Nasaretprofeten. Meir og meir arbeider
dei imot han, di meir dei skynar at Folke tek
til aa tru paa han. Fysst freistar dei aa vekkje
Mistankar: han er i Pakt med Beel Sebub; han
er forgjord. Daa dei ser, at dei paa den
Maa-ten ingin Veg kjem, gjeng dei lenger. Dei
„gjæter paa honom". Dei „sender ut Lurarar
som skal fange honom i Ord", freistar aa lure
’n med vrange Spursmaal, Spursmaal um
Lækj-ing paa Kviledagen, um Handtvaatt fyri
Maten, um Gifting og Skilsmaal, um Skatt til
Keisaren o. a. Men endaa kjem dei ingin Veg.
Jesus skynar kva dei vil; og han greider alle
deira kloke Spursmaal.

So vert dei rædde. Og dei held Samraad
um korleis dei utan Uppstyr skal faa Live av
denne Mannen; det var etter Maaten paa den
Tid. Og sistpaa lagar det seg so, at dei fær
fram sin Vilje.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0102.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free