- Project Runeberg -  Jesus Messias /
96

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

25—27; Lk. 22: 25—26), at ho visst maa vera
etter Apostelen. —

— Um Svikaren fortél alle. Lukas (22: 3)
og Johannes (13: 2) gjev Satan Skuldi for
Svi-karverke; etter Mattæus (26: 15) synest det vera
Pengehugen som forfører Judas (dei 30
Sylv-pengane er elles fraa Sak. 11: 12; fraa same
Staden V. 13 er Krusmakar-Aakeren). Men sidan
(27 : 3—5) fortél Mattæus noko anna: daa Judas
ser at Jesus er komin for Retten, kastar han
Pengane i Tempelkista og tek Live sitt1; det
er daa ikkje Pengane han hev brytt seg um.

I alle Sogune spaar Jesus um Svikarverke,
um han elles aldri hev havt noko paa Judas
aa segja. Og etter Apg. 1: 16 (smf. Joh. 13:
18) maatte Judas gjera det han gjorde, so
eit Skriftord kunde verte uppfyllt (Salm. 41:
102). Kyssen i Mt. 26: 49 og Mk. 14: 45
kann vera laant fraa 2 Sam. 20: 9 (smf Lk.
22: 47); Johannesboki veit inkje um ’n (18:

1 Smf. Apg. 1: 18, der dette siste er fortalt paa ein
styggare Maate. Det hev i det heile vaksi Hat til Judas;
i Johannesboki (12: 4—6) fær han aaleine Skuldi for
noko som Sveinane etter Mattæus (26: 8) og Markus
(14: 4) var saman um; han vert jamvel kalla Tjuv.

2 „Venen min som eg fortrudde meg til, han som
aat mitt Brød, trampa meg under Føtar“, stend det paa
den Staden. Men alt i V. 11 viser det seg, at det ikkje
kann vera Jesus som her er tenkt talande.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sun Dec 10 03:41:39 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/gajesusm/0106.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free