- Project Runeberg -  Jesus Messias /
98

(1906) [MARC] [MARC] Author: Arne Garborg
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - Sidor ...

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

ført si Gjerning“ fyri Lidingi (17: 4), og vil
no gjerne drikke den Skaali som Faderen
hev gjevi honom (18: 11).

Jesus vert fanga; Sveinane rømer. Berre Peter
snur att og fylgjer med „langt attanfyri“; i
Johannesboki er og „den andre Læresveinen"
med. Denne siste, ein Galilæa-Fiskar liksom
Peter, hev her jamvel vorti „kjend med
Øvste-presten", so han fylgjer med Jesus inn i
Garden hans, ja fær Peter med der inn (18: 15,
16; hjaa dei andre sit Peter ute i Garden);
Soguskrivaren hev ikkje tenkt paa, at um
Lære-sveinen Johannes hadde vori kjent med
Øvste-presten den Natti, og hadde fylgt so langt, —
so hadde han visst fengi fylgt eit Stykke lenger.

Sogo um Peter og Neitingi er fortald hjaa
alle. Hanen gjél tvo Gongir hjaa Markus;
Peter „svér og förbannar seg“ hjaa dei tvo
fysste; Johannesboki hev inkje um Galilæa og
Galilæamaale, og inkje um Graaten etterpaa;
elles er Sogo likt fortald.

Men ho vert aldri nemnd sidan. I
Apostel-gjerningar er Peter den sjølvsagde Förmannen
millom Apostlane; det er han som fører Orde paa
Kvitsundagen, og elles jamt; og det finst ikkje
nokon Stad so mykje som ei Innpaatyding
um at det hev vori noko i Vegen med honom.
Han synest ikkje hava noko paa Samvite sjølv
heller; korkje i Apostelgjerningar eller i Peter-

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Wed Nov 10 16:16:19 2021 (aronsson) (download) << Previous Next >>
http://runeberg.org/gajesusm/0108.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free